Her finn du informasjon om aktivitetar, møteplassar og aktuelt frå lokalavdelinga. Vi ønskjer å skape gode møteplassar, aktivitet og fellesskap for menneske som lever med langvarige smerter.
Vi lagar kransar, mosekuler eller mosehjarte med sviblar, med Monica som instruktør. Det blir servert kaffi, te og gløgg.
Dato
Onsdag 2. desember 2026
Klokkeslett
18.00
Stad
Kvåle skule
Medlemspris
150 kr med startpakke
Andre prisar
Ikkje-medlemmer: 300 kr
Påmeldingsfrist
Måndag 23. november 2026
Praktisk informasjon og startpakke
Ta med hagehanskar, hagesaks og/eller avbitartang. Gje beskjed dersom du har allergi.
Startpakka inneheld halmkrans, mose, svibel, bargreiner, sølv-/gulltråd, sløyfeband og diverse pynt. Ein del av produkta er sponsa av Europris.
Før juleverkstaden tek vi ein sanketur for å samle naturmateriale. Datoen er ikkje fastsett og er avhengig av vêret. Informasjon kjem på Facebook og via Messenger til dei som står på lista for gruppemeldingar.
Avgrensa tal plassar. Påmeldinga er bindande ved innbetaling.
Ein kaffikopp, ein film eller ein tur saman kan vere ei fin ramme for fellesskap. Nokre møte er sette opp på førehand, medan andre blir til når høvet byr seg.
Sosial møteplass
Kafébesøk på Domuskaféen
21. oktober, 18. november og 9. desember 2026
Vi held fram med kafébesøka, men byter møtestad til Domuskaféen.
Datoar
21. oktober, 18. november og 9. desember 2026
Klokkeslett
13.00
Stad
Domuskaféen
Medlemsstøtte
FKS sponsar 50 kr per medlem kvar gong.
Målet er sosialt samvær og gode samtalar – ein møteplass der vi kan ta ein pause frå prat om sjukdom og smerter. Vi ber alle som deltek, om å respektere dette.
Film og fellesskap
Kino til medlemspris
Oktober–desember 2026
Vi prøver å få til kinoturar i oktober, november og kanskje òg i desember 2026.
Stad
Sogndal Kino
Medlemspris
50 kr
Kinoprogrammet kjem om lag ei veke på førehand. Vi bestemmer oss nokre dagar før kvar framsyning.
Informasjon kjem på Facebook og via Messenger til dei som står på lista for gruppemeldingar.
Tur og fellesskap
Gåturar
Datoar og tidspunkt er ikkje fastsette.
Gåturgrupper kan oppstå når forholda ligg til rette for det. Følg med på Facebook for informasjon.
Medlemmer som blir med i Messenger-gruppa, kan òg ta initiativ til ein gåtur saman med andre.
Datoar og tidspunkt er ikkje fastsette.
Tidlegare aktivitetar
Her tek vi vare på aktivitetar frå programmet når datoen er passert.
Else og Trond Viggo – Resten av livet
Fredag 9. oktober 2026
Lokalavdelinga hadde tilbod om billettar til medlemspris til framsyninga.
Dato
Fredag 9. oktober 2026
Klokkeslett
19.00
Medlemspris
215 kr
Andre prisar
Ordinær pris: 565 kr
Påmeldingsfrist
Søndag 4. oktober 2026
Tilbakevendande aktivitet
Varmtvasstrening på Lustrabadet
29. september 2026
29. september 2026 · kl. 16.00–17.00
Ein del av det tilbakevendande treningstilbodet saman med Marit.
Hald deg oppdatert
Facebook og Messenger
Følg med på Facebook for informasjon om aktivitetar og spontane arrangement. Vi sender òg meldingar på Messenger til dei som ønskjer å stå på lista for gruppemeldingar.
Vil du bli med i ei Messenger-gruppe?
Vi vurderer å opprette ei Messenger-gruppe for medlemmer som ønskjer tettare kontakt og informasjon.
Alle i gruppa kan sjå kven dei andre deltakarane er, og kva som blir skrive i gruppa.
Ønskjer du å delta, sender du ei melding til Marit på telefon 976 00 969 eller via Messenger.
Aktuelt
Medlemsbrev for hausten 2026
Les brevet frå styret med heile haustprogrammet, praktisk informasjon og invitasjonen til å halde kontakten.
Nettutgåva er utan kontonummer. Betalingsinformasjon blir gitt ved påmelding.
Takk til Luster Sparebank og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for støtte til helsefremjande tiltak. Støtta gjer det mogleg for FKS Sogndal og omegn å tilby varmtvasstrening gratis til medlemmene i 2026.
Bli med
Bli ein del av fellesskapet
Ønskjer du å bli medlem? Bruk FKS sitt sentrale innmeldingsskjema.